Veke 23

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

  Oppmøte på skulen Klasserom Heime-skule Inngang
Måndag 1. juni FRI

8A: 3C

8B: 2C

8C: K&H

8D: 1

9A: 8

9B: 7

9C: 6

10A: Bio

10B: 4

10C: 3

   
Tysdag 2. juni 8. og 10. trinn 9. trinn

8A og 8B:C-fløy mot aust, 8C:C-fløy mot vest, 8D: hovudinngang - mediatek

10A: nyegang mot sør

10B: nyegang mot nord

10C: hov. Inngang med.

Onsdag 3. juni 9. og 10. trinn 8. trinn 9A og 9B: mediatek mot sør, 9C nyegang mot sør
Torsdag 4. juni 8., 9. og 10. trinn    
Fredag 5. juni 8. og 10. trinn 9. trinn  

Organisering av veke 22

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Vi er glade for at vi no kan legge til rette for større oppmøte på skulen komande veke.

Elevane møter i same klasserom og nyttar same inngang som i veke 21.

 

Veke 22 Oppmøte på skulen Heimeskule
Måndag 25. mai 8A, 8B, 8C, 8D, 10A, 10B, 10C 9A, 9B, 9C
Tysdag 26. mai 9A, 9B, 9C, 10A, 10B, 10C 8A, 8B, 8C, 8D
Onsdag 27. mai 8A, 8B, 8C, 8D, 10A, 10B, 10C 9A, 9B, 9C
Torsdag 28. mai 9A, 9B, 9C, 10A, 10B, 10C 8A, 8B, 8C, 8D
Fredag 29. mai 8A, 8B, 8C, 8D, 9A, 9B, 9C 10A, 10B, 10C

Infoskriv frå skysselskapet

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Informasjonsskriv i høve skuleskyssen frå måndag 27. april når barnetrinnet 1. - 4. klasse er igang igjen. Dersom nokon av våre elevar på ungdomsskule føl bussen desse dagane så gjeld dei same reglane.

Status pr. 23.04 medan skulen er stengd pga. koronavirus

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

 

Vi håpar alle har det bra i denne utfordrande tida vi står i. Skulen er framleis stengd for ordinær opplæring. Når og i kva grad skulen opnar er enno ikkje avklart, men vi håpar på at alle elevar kjem tilbake på skulen før sommarferien. På www.udir.no ligg det ute mykje nyttig informasjon om situasjonen vi står i.

For meir informasjon, sjå lenker under

Rettleiar ungdomstrinn og vidaregåande skule

https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/ungdomsskole-vgo/

https://www.regjeringen.no/no/tema/koronavirus/id2692388/

og Stad kommune sine sider. https://stad.kommune.no/

Kommuneoverlegen si vurdering av risiko ved opning av barnehagar og skular i Stad kommune

Skriftleg og munnleg eksamen:

https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/eksamen-2020/

Framleis undervisning på nett

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Vi håpar at alle har hatt ein fin påskeferie!

Tysdag den 14. april er det planleggingsdag og elevfri ved Eid ungdomsskule.

Frå og med onsdag 15. april får alle elevar igjen undervisning på nett, då skulen framleis er stengt.

Korona - tiltak for å hindre smitte

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Til elevar og føresette

Statsminister Erna Solberg, orienterte i pressekonferanse 24.03. om at vedtaket om å stenge barnehagar og skular frå 13.03.- 26.03. vert vidareført og gjeld til og med 13.04. Målet med dette er at vi alle må halde fram med dugnaden for å hindre vidare smitte av koronaviruset.

Sjølv om skulen er stengt, har tilsette ved skulen ansvar for å legge til rette for at elevar får fagopplegg som de arbeider med heime. Planar og arbeidsoppdrag vert som de kjenner til lagt ut på Its Learning eller anna kanal avtalt med lærar. De skal levere inn arbeidskrava og få tilbakemelding frå lærar. Du må derfor logge deg på Its Learning/avtalt område kvar dag. Elevar kan jf. arbeidsplanar kommunisere med lærar på Its Learning, eller andre kommunikasjonskanalar ev. telefon mellom kl. 09:00-14:30. Eg vil nytte høvet til å skryte av både elevar, føresette og tilsette for innsats og løysingsorientert fokus, då vi på kort varsel fekk kvardagen snudd på hovudet. Plutseleg vart det ein digital heimeskule, og mange digitale plattformar og verktøy vart tekne i bruk. Undervisinga vart digitalisert på rekordtid. Vi opplever at elevar støtter og hjelper kvarandre, og lærarar som villig vekk deler gode erfaringar med kvarandre.

Tiltaka som er innført innskrenkar handlingsfridomen til kvar og ein av oss, og vi har full forståing for at dette er ein krevjande situasjon for mange av oss. Vi høyrer at mange saknar å treffast og gjere ting i lag med gode venner og skulekameratar, men det finst ulike arenaer ein kan ta kontakt på. Sjølv om de opplever situasjonen som spesiell og utfordrande, oppfordrar vi alle til å følgje retningslinjer som er gitt, for å hindre vidare smitte. Du trur gjerne at dette ikkje vil ramme deg sjølv, men det er viktig at du også tenkjer på at du kan vere ein smittefare for andre. Spesielt viktig er det å ta omsyn til personar i risikogrupper, og at du tenkjer over at du kan vere smitteberar utan å vite det sjølv. Gjer derfor ikkje avtaler som t.d. å møtast på kafé eller andre arenaer, reise på handletur osv. som samlar fleire enn fem ungdomar. Respekter retningslinjene om 1 meter avstand til andre når du ferdast utandørs og 2 meter innandørs, så unngår vi kanskje at det vert innført enno strengare tiltak for å stoppe smitten. Vi oppmodar føresette om å sjå til at ungdomen etterlever retningslinjer som blir gitt.

For meir informasjon, sjå:

https://www.regjeringen.no/no/tema/koronavirus/id2692388/   og

https://stad.kommune.no/

Norunn Kjøsnes

-rektor-

Valfag skuleåret 2020 - 2021

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Alle elevar på årets 7., 8. og 9. trinn skal no velje valfag for det komande skleåret.

For 8. og 9. trinn, så finn de skjema og innleveringsmappe på its learning.

Barneskulane organiserer utlevering/innlevering av skjema for 7. trinnelevane. De skal også velje tilvalsfag no.

Innleveringsfristen for ALLE er torsdag 2. april.

Lukke til!