First Lego League

Gjengen i frå teknologi i praksis har nettopp starta arbeidet med årets oppdrag i kunnskaps- og teknologikonkurransen First Lego League. Årets tema er "Hydro Dynamics", altså vatn. Elevane skal forbetre måten menneske finn, transporterar, brukar eller kvittar seg med vatn på.  

På torsdag var Per Bøen på besøk for å lære elevane korleis det kommunale vass- og avløpssystemet er bygd opp. Takk for besøket:)

IMG 0187FIRST FLL HYDRO DYNAMICS17 Color

Bli kjend tur - 8. trinn

21875938 10210219098897810 259625530 o

IMG 0044

 

Tysdag til onsdag i veke 37 var 8. trinn på bli kjend tur, der dei tre ulike klassene overnatta i tre ulike bygder i kommunen. 8A var i Stigedalen, 8B overnatta i Hjelmelandsdalen, medan 8C tok turen til Hennebygda.  Her er bilete av 8B inne i Solvang og 8C på Ytre Hennestøylen.

Fjelltur på EUS

 

Torsdagen i veke 34 var EUS på fjelltur. Elevar og lærarar hadde ein fin dag ute. Praten gjekk laust, mykje smil og latter, og spreke folk i fjellet. Med andre ord: Ein strålande kjekk dag! Her er nokre av elevane på Alsakersetra.

Foreldremøte 8. trinn

Vi ynskjer føresette på 8. trinn velkomne til foreldremøte måndag 4. september kl. 18.30 - 20.00.

Møtet vert halde på EUS, auditoriet.

Meir informasjon om møtet finn du her

Bli kjent kveld på 8.trinn 4.oktober

Invitasjon til Bli kjent kveld

Elevar og lærarar på 8.trinn inviterer til Bli kjent kveld i mediateket på Eid ungdomsskule, tysdag 4. oktober kl 19.00 – 21.00

Opplegget for kvelden vert slik:

ü  Program ved elevane

ü  Helsing ved rektor

ü  Matøkt

ü  Klassevis samling for foreldra

Ber om at de tek med eit fat med mat. Lærarane kokar kaffi & te. Elevane tek med drikke sjølve.  

 

Vel møtt :-)

 

Mvh Lærarar og foreldrekontakter på 8.trinn 2016.