Adventskos på 8.trinn

Mandag denne veka starta den årlege adventstida. På 8. trinn har elevane laga adventskalendarar med ein liten vri. 8a hengte opp pepperkaker med melisglasur, 8b skreiv dikt i tillegg til å ha forslag til dagens avbrekk, og elevane i 8c skreiv fine ord om kvarandre. Ein koseleg førjulsaktivitet.

 

IMG 0905

 

IMG 0912

IMG 0915

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Spor frå fortida...

Kjeldearbeid i samfunnsfag 8A  Kjeldearbeid i samfunnsfag gutar 8A

Elevar på 8. trinn har denne veka arbeidd med temaet «Historiske kjelder» i samfunnsfag. Dei jobba i grupper og fekk utdelt fleire gamle gjenstandar. Oppgåva var å finne namnet og alder på reiskapane, og eventuelle moderne erstattarar som ein brukar i 2014. Dei fekk blant anna undersøkje vaskebrett frå 1950, alen frå 1800-talet, skøyter frå 1914, audio og videokassettar frå 1990-talet, gamalt kjøkkenutstyr og skrivesaker. Dette var ei praktisk og interessant øving. Elevane viste stort engasjement i arbeidet!

Bli Kjend Kveld 8.trinn hausten 2014

I veke 39 hadde 8.trinnet Bli Kjend Kveld på skulen. Elevane hadde laga eit variert og godt program, som dei viste fram for dei føresette. I tillegg hadde vi besøk av rektor, som holdt ei lita tale. Vi kosa oss med masse god mat og til slutt var det diskotek på musikkrommet og sosial prat i mediateket. Alt i alt var det ein kjempekjekk kveld :)

2001 haust 214kl

Bli kjent kveld

Onsdag 24. september kl. 19.00 inviterer 8. trinn til Bli kjent kveld på Eid ungdomsskule. Alle elevane har fått med seg eit skriv heim om saka, men du finn det også her. 

"Bli kjend tur" 8. trinn

Forrige veke var 8.trinn på overnattingstur rundt om i kommunen. 8A var på Torheim, 8B i Hjelmelandsdalen og 8C i Hennebygda. Det fine været gjorde dette til ein fin tur, der vi blant anna gjekk på fjelltur, bada, hadde quiz og spelte ulike spel. Elevane vart meir kjende med dei andre i klassa og lærarane. 

IMG 4908

 

IMG 0742

 

Bli kjend tur 030

Foreldremøte

Det er foreldremøte for 8. trinn tysdag 2. september kl. 19.00  i auditoriet. Saklista til møtet kan du finne her. Vel møtt!

Bli - kjend -tur

8. trinn reiser på overnattingstur i veke 35, torsdag til fredag,  for å bli betre kjende med kvarandre. Klassane har ulike reisemål for denne turen:

  • 8a: Torheim
  • 8b: Hjelmelandsdalen
  • 8c: Hennebygda

Elevane har fått med seg skriv heim om turen, men du kan også finne det her. Vi ser fram til nokre fine dagar i lag på tur! 

Trinnets årsmøte 8.klasse

8. trinn har akkurat gjennomført trinnets årsmøte. Elevane fekk vise fram noko av det dei har arbeidd med siste året, blant anna boksirkel, skidag, gute- og jentedag og eit praktisk matematikkprosjekt. Alle elevane hadde og øvd inn ein song og viste fram arbeid frå kunst og handverk. I tillegg hadde både foreldre og elevar diskusjonsgrupper om mobilbruk og sosiale media. Vi takkar foreldre og elevar for godt oppmøte!

 IMG 0692  IMG 0696


IMG 0700

 

ANT på 8.trinn

8. trinn har denne veka hatt ein halv dag med ANT-opplegg. I år har vi valt å halde fokus på generell helse og tobakk.
Elevane har diskutert kva som kan påverke helsa vår positivt og negativt. Dei har og fått innblikk i korleis tobakk påverkar helsa vår gjennom gruppeoppgåver og quiz. Dei har og vore ute i sola og prøvd seg på trappeløp med og utan sugerør. 

ant 8ac april 2014 20140425 1062022733