Trinnets årsmøte 8.trinn

Tysdag 29. april er det klart for trinnets årsmøte for 8. trinn. Møtet startar klokka 19.
Invitasjon med informasjon om innhaldet på møtet er sendt heim med elevane, men ein kan og lese denne her.

Im Gasthaus!

Tyskgruppa på 8.trinn har øvd inn replikkar og laga rollespel. Her lærte ein om mat og drikke og korleis snakke til ein kelner på tysk. Flinke elevar og god stemning!

Det kjem bilde om litt i albumet J

Skidag på 8.trinn

I dag har 8. klassingane teke turen til Grøndalen for å teste skiferdigheitene.
Etter gode førerapportar frå 10.klassingane som har returnert frå overnattingstur, måtte vi nytte høvet no når det er endå er snø i fjellet. Tradisjonen tru er det bortoverski som står på programmet for 8.klasse, så etter å ha pusta støvet av langrenns- og telemarkski er no elevar og lærarar superklare for ein fin dag i friluft.

Bussane gjekk frå Eid ungdomsskule no klokka 9, og elevane er tilbake på skulen litt før klokka 14. 
Då forhåpentlvis godt fornøgde med ein fin dag ute med skileik, kakao, bålbrenning og litt varierande skiteknikk.

Juleverkstad 8. trinn

Mandag hadde 8. trinn juleverkstad. Nokre av elevane laga ulike dekorasjonar og julepynt, nokre laga julekaker på kjøkenet og resten song og dansa jula inn. Bilete frå dagen kan du sjå her.

juleverkstad 42 20131219 1273411220

Gute- og jentedag på 8.trinn

Onsdag 30. oktober hadde elevane på  8.trinn gute- og jentedag. Dette er ein dag der vi fokuserer på sosial kompetanse. Årets første tema var mobbing og elevane skulle igjennom ulike aktivitetar knytt opp mot dette. 

Dagen starta med at alle elevane såg filmen "Bully" - ein sterk og tankevekkande dokumentarfilm om mobbing. Etter filmen delte vi elevflokken i to, der gutane og jentene var kvar for seg. Elevane diskuterte innhaldet i filmen og kom med mange gode refleksjonar rundt denne.

Etter lunsj held jentene fram med ulike oppgåver og aktivitetar som blant anna gjekk ut på å gi positive kommentarar til kvarandre. Gutane på si side skulle stelle istand mat og underhaldning til jentene. Etter ei god økt med innøving av rollespel fekk jentene sjå resultatet på slutten av dagen. I tillegg hadde ein gutegjeng steikt ein solid haug med vaflar som elevane velfortent kunne gnafse i seg etter ein effektiv dag. 

Bilete frå dagen vil bli lagt i fotoalbumet her på sida i løpet av helga.