Avslutningsfest for 10. trinn

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

Torsdag 20. juni er det avslutningsfest for 10. trinn på Operahuset. No er det tid for påmelding til festen, sjølv om det er ei stund til juni. Elevane har fått med seg skriv heim om saka, men du finn det også her. 

God påske til alle!

. i kategorien Nyheiter

Første skuledag for elevane etter påske, er onsdag den 24. april (då lærarane har intern planleggingsdag tysdag den 23. april). Vi ønskjer alle ei riktig GOD PÅSKE! 

10. trinn sitt årsmøte 2019

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

Måndag, etter påske, den 29. april skal 10. trinnet ha sitt årsmøte. Vi startar kl. 19.00 denne kvelden, der elevane skal fortelje om ulike aktivitetar som dei har gjort i løpet av året. I tillegg vil Hanne Heggen frå politiet snakke om utfordringar i ungdomstida. Elevane vil  få med seg skriv heim etter påske , men no finn du skrivet her. 

Vintertur 10 tr og skidag på 9.tr i veke 14

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Det blir vintertur for 10. trinn frå onsdag til torsdag i veke 14 dvs. 3.-4.april. Torsdag blir det også skidag for 9. trinn på Harpefossen. Vi endrar litt på timeplanen tysdag og tar valfag for heile skulen etter lunsj.

Skulehelsetenesta ved EUS

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Skuleåret 2019/2020 har helsesjukepleiar trefftid kvar måndag kl. 09.00-14.00 og torsdag kl. 10.30-14.30. 

Er døra åpen, stig inn. Er døra igjen, bank på. :-)

Ta kontakt med Laila i ekspedisjonen dersom du ynskjer å gjere timeavtale utanom dette.  

Helsestasjonen i Eid inviterar ungdom mellom 13-20 år til å bruke dette gratis tilbodet. :-)