God påske til alle!

. i kategorien Nyheiter

Første skuledag for elevane etter påske, er onsdag den 24. april (då lærarane har intern planleggingsdag tysdag den 23. april). Vi ønskjer alle ei riktig GOD PÅSKE! 

10. trinn sitt årsmøte 2019

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

Måndag, etter påske, den 29. april skal 10. trinnet ha sitt årsmøte. Vi startar kl. 19.00 denne kvelden, der elevane skal fortelje om ulike aktivitetar som dei har gjort i løpet av året. I tillegg vil Hanne Heggen frå politiet snakke om utfordringar i ungdomstida. Elevane vil  få med seg skriv heim etter påske , men no finn du skrivet her. 

Vintertur 10 tr og skidag på 9.tr i veke 14

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Det blir vintertur for 10. trinn frå onsdag til torsdag i veke 14 dvs. 3.-4.april. Torsdag blir det også skidag for 9. trinn på Harpefossen. Vi endrar litt på timeplanen tysdag og tar valfag for heile skulen etter lunsj.

Skulehelsetenesta ved EUS

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Helsesjukepleiar er tilstades på EUS

Berit Kragseth (måndag og torsdag):

Tlf: 95009037                  

Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Brit Itland (tysdag og torsdag):

Tlf: 41561238                    

Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Skulehelsetenesta skal bidra til å førebygge sjukdom og skade, fremje god psykisk og fysisk helse og fremje gode sosiale og miljømessige forhold hos elevane. Det kan vere gjennom individuell kontakt, i grupper, i klassesamanheng eller ved anna felles opplegg ved skulen. Helsesjukepleiar kan henvise vidare ved behov eks. kontakt med skulelegen og psykisk helsearbeider.

Helsesjukepleiar, psykisk helsearbeider og skulelege har teieplikt.

 

https://stad.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/helsestasjon/skulehelsetenesta/

 

HFU (Helsestasjon for ungdom)

Dette tilbodet er eit supplement til skulehelsetenesta.

-          Her kan ungdom i alderen 13 til 20 år kome for å få hjelp med små og store spørsmål om helse og trivsel.

-          HFU er eit gratis «drop in» tilbod

-          Kan få timeavtale dersom du tar kontakt

-          Fagpersonar: Skulelege, helsesjukepleiar og psykisk helsearbeider.

Overnattingstur til våren, valfag

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Overnattingsturen i valfaga fysisk aktivitet og helse + natur, miljø og friluftsliv er flytta til den 21.-22. mars. (Dette sidan mange elevar skal vere vekke på handballcup då vi eigentleg hadde planlagt overnattingstur, den 25.-26. april).